Alle kan lese innleggene, men man må registrere seg for å delta aktivt i diskusjonene. Everyone can read the posts, but you have to register before writing your own posts.
Posted: 04.04.2003 16:30 Post subject: Saarinen to strasbourg? NEW
Can someone translate this article in english please...THANK YOU! :D
Saarinen til Frankrike?
Janne Saarinen er på veg til Frankrike. Her saman med Vikings Bjørn Dahl. Foto: Arkiv.
Janne Saarinen kan vere på veg vekk frå Rosenborg. Den franske klubben Strasbourg er svært interesserte i den finske venstrebacken.
I følgje Dagbladet skal den franske toppklubben ønskje å kjøpe Saarinen. Strasbourg arbeider med å selje backen Habibi Beye, og planen er å hente Saarinen som erstatning.
I følgje agent Lars Petter Fossdahl pågår det forhandlingar mellom Rosenborg og Strasbourg.
Janne Saarinen si kontrakt går ut til sommeren, og han har ikkje fornya kontrakta med Rosenborg. Trenar Åge Hareide har heller ikkje latt finnen få mykje speletid i treningskampane før sesongstart.
Saarinen seier til Dagbladet at han reknar med å starte på benken på Lerkendal 12 april, då Rosenborg møter Vålerenga.
- Eg reknar med at Åge veljer Ståle Stensaas foran meg.
For Saarinen er det ikkje utenkeleg å spele for den franske klubben. Han reknar den franske ligaen som den fjerde beste i verda.